Litt eldre historie om elgen og elgjakta i Troms

ELG: Dagfinn Stenvold skriver om elgjakt-historie. Illustrasjonsfoto: Knut Solnes
ELG: Dagfinn Stenvold skriver om elgjakt-historie. Illustrasjonsfoto: Knut Solnes

Det vart skote ei elgku på Frihetsli hausten 1914. Dette seiest å vere den første elgen som blei skoten i Troms i nyare tid.

Publisert Sist oppdatert

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.

Det vart skote ei elgku på Frihetsli hausten 1914. Dette seiest å vere den første elgen som blei skoten i Troms i nyare tid. På denne tida var elgen totalfreda i Troms. Det hadde ikkje vore mykje elg å jakte på heller den seinaste tida. Det ser vi av dei årlege rapportane som kjem frå skogvesenet etter at Statens Skogvæsen blei oppretta 1860. Her blir det ikkje rapportert om elg før på slutten av 1890-talet. Da er det observert enkeltdyr både i Nordreisa og i Dividalen, begge stader nær grensa mot Finland og Sverige. Dette har nok vore «vandreindivider fra finsk og svensk lappmark». Her siterer eg Robert Collett som i verket «Norges pattedyr» frå 1911 seier at elgens naturlige nordgrense er Vefsn. Lenger nord er det berre tilfeldige innvandrarelgar ein kan støyte på (Robert Collett var elles sønn til Camilla Collett og dermed Henrik Wergelands søstersønn).

Men det finst klåre vitnemål om at det har vore elg i Målselv også i tidlegare tider. Korfor det periodevis ikkje har vore elg her, veit vi ikkje sikkert i dag.

Arkeolog Asgeir Svestad ved UIT har forska mykje på samiske fangstsamfunn i indre Troms i eldre tider, og har stor fagkunnskap på dette feltet. Han har m.a. funne to fangstgroper på Tune i Dividalen. Storleik, form og strategisk plassering fortel at dette er fangstgroper for elg. Og slike fangstanlegg bygde ein ikkje for tilfeldige «vandreindivider», anlegget er nok mynta på ein fast stamme. Derfor kan ein slutte at på den tid fangstgropene var i bruk, hadde elgen fast opphald i området. Eksakt alder på desse gropene kan ikkje Svestad seie noko om i dag, fordi dette ikkje er granska. Dei kan vere yngre enn 500 år, men også eldre enn 2000, seier han.

Olaf Haugli frå Målselv fortel at under nybrottsarbeid i Bjønndalen ein gong i mellomkrigstida, blei det funne eit elghorn under rota på ei stor furu. Ei slik furu kunne godt ha vore fleire hundre år gammal, og kor lenge hornet hadde lege der før furua slo rot, veit vi heller ikkje.

Men attende til elgkua på Frihetsli i 1914. Farfar, Karl Stenvold, hadde flytta med familien til Frihetsli 1911. Han var tilsett som lappe- og skogoppsyn i øvre del av bygda. I dag meiner ein å vite at den første faste elgstammen i Troms i nyare tid, etablerte seg nettopp øvst i Dividalen omkring 1900, og då farfar kom til Frihetsli, hadde elgstammen vakse seg såpass stor at den kunne tåle eit varsomt innhogg. Farfar søkte, og fikk av landbruksdepartementet i 1913 ein eksklusiv rett til å felle ein elg årlig. Dette var nok også viktig matauk for ein familie med 8 barn (7 i 1911, 8 frå 1916), ein familie som hadde 2 veglause mil til nærmaste nabo, og tett på 4 mil til nærmaste handel.

Det blei ingen elg i 1913, men i 1914 skjer det: Farfar heldt på å «bygge atti» stua (bygge på, utvide huset) på Frihetsli denne hausten. Drengen som var der og hjelpte han, måtte ut ein tur, «attom nova». Han kjem inn att og fortel at det gikk ein elg på ei hogstflate borte under Bærhaugen. Farfar handla raskt, tok geværet (tennstempel) og tre patronar med seg, reid over elva, sendte hesten tilbake, og gikk vidare for å stille på elgen. Heime på garden stod ho tante Petra, dottera, med eit kvitt handkle og signaliserte korleis elgen flytta seg. Farfar kom på skothald og skaut elgen. Så for han heim att, spente hesten for trestongdraget (ein kort slede utan jarn under meiane) og henta elgen heim.

Frihetsli hadde rette til å skyte ein elg årleg fram til og med 1925. Rapportane frå skogforvaltaren fortel så at det var lite elg i området den første halvdelen av 1920-åra, og i 1925 vedtar fylkestinget at elgen i Troms skal vere totalfreda i 5 år frametter. Same vedtaket blir seinare gjort gjeldande for heile 1930-talet.

Då krigen kom, blei det endring her. Wehrmacht hadde også behov for matauk, og alt i 1941 ser vi av skogforvaltaren sin årsrapport at Landbruksdepartementet har gitt «Den tyske vernemakt” tillatelse til å skyte 11 elgar denne hausten. Året etter er det også gitt fellingsløyve til «vernemakta», men det finst inga oppgåve over kor mange. Derimot har lensmannen fått melding om at 3 elgar er ulovlig skotne. I 1943 er det skote 34 dyr, og nå er også norske jegerar med: dei har skote 19 dyr, tyske jegerar 15. Siste krigsvinteren er elgjakta komen heilt ut av kontroll: «Ved tyskernes ulovlige jakt på elg utenfor jakttiden høst og vinter 1944/45 ble elgbestanden hårdt beskattet», rapporterer skogforvaltaren i februar 1946. - I skogforvaltarens rapporter frå krigsåra er det meldt om jakt i fire kommunar, - Målselv, Øverbygd, Bardu og Sørreisa, altså foreløpig berre i dei midtre/indre strøk av Troms.

Slik blei alminnelig jakt på elg i Troms i realiteten innført under krigen. Med unntak av to år med totalfreding, i 1948 og 1949, har det sidan vore vanleg offentleg styrt elgjakt her.

Delta i debatten
Send inn din ytring på e-post til redaksjonen@nye-troms.no

Powered by Labrador CMS